Fellesskap med bibel og bønn!
image

Oppbyggjeleg samver annankvar torsdag i Solheim kyrkje

Hausten 2018 held vi fram med samlingane som vi har kalla «fellesskap med bibel og bønn». Samlingane er opne for alle; har du lyst, så berre møt opp. Vi treffest til oppbyggjeleg samver der vi syng litt saman, les frå Bibelen, deler og ber. Det er vanlegvis sokneprest Arnulf Sandvik som leier samlingane.

Sist vår tok vi føre oss fleire av dei tolv «små» profetane, dvs profetane frå Hosea til Malaki. Men vi vart ikkje ferdige, og og har fullført dette i haust. Vi går antakeleg vidare med Esters bok, eller kanskje med bestemte tema. Ope for diskusjon.

  • Tid: Ca annankvar torsdag kl 19:00
  • Stad: Lunsjromet i kontorfløya i Solheim kyrkje, Hordagaten 28

Datoar:

Kveldane held fram også etter dette, meir informasjon etterkvart.

Kom og vert med! Inviter gjerne nokon som du trur kunne vere interessert!

Eitt av syna til profeten Sakarja
Dronning Ester. Henta frå The Queen Esther Project.